27. januar 2015

KJØKKENET I KIRKEGATA


Eg ynskja eit luftig og lyst kjøkken. Rommet i seg sjølv var 4,6 meter djupt og 2,8 meter breitt. Vatn og avløp kunne ikkje flyttast, og punkt for avtrekksvifte kunne ikkje flyttast meir enn ein halv meter grunna stenderverk i veggen. Utfordringane i rommet var tilkomst til verandadøra i enden av rommet, og integrering av den gamle bjelken som låg langs eine langveggen. Eg planla å tette døra som gjekk ut til gangen. (Forrige eigar hadde satt ei høg hylle foran døropninga) Eg ynskja å rive deler av veggen som gjekk ut mot stua slik at ein opna heilt opp til kjøkkenet for å auke romfølelsen. 

Det var også ei utfordring i forhold til golvet. Vi hadde ein gulna eikeparkett som strekte seg frå kjøkkenet og ut i heile stua. Det var ei ganske stor golvflate det var snakk om, så vi endte opp med å bevare parketten. Den vart slipt ned og olja med ein golvolje med kvitpigment, slik at golvet skulle bli lyst og ha ein matt tekstur. (Vi måtte ta parkettbitar frå gangen for å lappe saman golvet, da ein tidlegare eigar hadde fjerna store bitar av parketten under gnistfangaren ved peisen) 








Etter at veggbitane vart fjerna, såg ein godt kor lyst og opent det kom til å bli. Bjelkane på stua og kjøkkenet vart slipt ned for å få tilbake den opprinnelige overflata. 

Ingen kommentarer: