29. januar 2015

S T U A

Stua blei pussa opp samtidig med kjøkkenet sidan disse romma heng i hop. Stua er stor og fin, men hadde veggar med fiskebeinstrie som gjorde at veggane såg konstant skitne ut. Parketten var ganske gulna, og gjorde rommet mykje mørkare enn nødvendig. Den var også full i slitasjemerker.

Malinga som var på takbjelken vart slipt vekk. Golvet vart lappa, slipt og olja. Veggane valgte vi å heilsparkle for å få heilt vekk fiskebeinstria. Så vart det lagt veggofornyar over. Same farge vart måla på vegg ,tak og lister, for å gi ein nesten listelaus overgang til taket. Vi bur i fjerde etasje utan heis, så å drage opp gipsplater var heilt uaktuelt. Vi valgte å ha heilt kvite veggar overalt, og heller bu her ei stund før ein valgte å måle kontrastveggar.    






Ingen kommentarer: