13. februar 2015

DIY; LEIKELAMPE!

For nokre år sidan var eg i London og kom over ei bok i ein bokhandel i Covent Garden. På ståande fot huskar eg ikkje tittelen, og boka ligg no nederst i ei kasse og venter på at eg skal kjøpe ei ny bokhylle. Men inne i boka var det bilde av den kulaste lampa eg nokon gong hadde sett. Liknande bileter finn ein i dette googlesøket.
Det var altså ei lampe laga av gamle leiker. Kvar leike er limt fast på ein lampefot, så er den måla. Så klart eg skulle lage ei sjølv. Det kan vere litt tidkrevjande å bygge ei slik lampe, då ein tidlig må tenke komposisjon, og også vere sikker på at ein har nok komponentar. Ein bør bruke sterk lim (eg brukte veldig varm limpistol) og vere nøyen når en grunnar og sprayar farge på lampa til slutt. Sjå etter lamper som har ein ganske stor fot nederst. Begynn innerst og bygg deg utover og oppover. Spar dei kulaste leikene til å vere dei mest synlege. Husk å kun bruke leiker som har ei hard overflate. Eg valgte å spraye mi med gullspray, men den har liksom aldri blitt heilt ”gullete”. Neste dag det er opplett og plussgrader blir den nok kvit.






 TA-DA!! : )


Ingen kommentarer: