3. februar 2015

F L I S E F I N

Eg har aldri vore i Marokko, men har alltid elska marokkanske fliser og kor dekorative dei kan vere. Eg var på tur i Egypt og i Porto i Portugal for nokre år sidan. Der var slike fliser mykje brukt både i fasadar og i interiøret. På sIutten av 1800 talet blei det vanleg å legge slike fliser i bygårder i Noreg. Eg bur i ein bygård som vart bygd i 1906, og ute i yttergangen ligg det framleis original fliser i ein marokkansk stil.

Det kan nesten vere umulig å bestemme seg for kva slags flis ein vil legge, for der er så utrulig mange fine! Eg endte opp med nokon frå Historiske fliser, som hadde eit formspråk som minte meg om dei som ligg i yttergangen min, men som hadde ein fargeskala som ville passe med interiøret vidare innover i leiligheta. Eg ville det nye skulle snakke med det gamle, og komme overeins samtidig som der var ein liten kontrast. 







Ingen kommentarer: