20. februar 2015

GOING BLACK

Då har den fine kvite peisen blitt grå av sot. Ja, eg visste det skulle skje, men ikkje at det skulle gå så fort! Det er vel berre å gjere det eg har tenkt så lenge på, nemlig male den mørk! Eg vurderte å male den først som sist når vi var i gang med resten av veggane, men tenkte eg ville ha den kvit først.
Eg har tenkt litt på kalkmaling. Det kan vere litt meir praktisk med ein ujamn tekstur i fargen, sidan soten vil komme til å legge seg på malinga uansett. Med ein litt ujamn farge kan sotflekken bli meir skjult enn med ein heilt jamn overflate. Pure and original har mange fine nyansar og teksturar, og denne malinga har vore populær ganske lenge.
Eg trur eg begynner med ein vanlig veggmaling først, så kanskje teste ut kalkmalinga når eg vert lei (eller om soten vil vise likevel).
Eg har litt lyst å male veggen bak TV-en også heilt svart. Då vil skjermen vise mindre når den er avskrudd. Men kanskje den får begynne med å vere grå først? Stua er ganske smal akkurat her, så eg har egentlig likt å ha alle veggane lyse.

Om du vil ha ein svartfarge/gråtone som er heilt utan kulør, så skal du sjå etter ein –N etter dei første siffera i fargekoden. Disse kodane bygger på NCS systemet som er eit fargespråk der N står for Neutral. Altså heilt utan farge, med kun svart og kvitt i seg. Men der fins mange spanande mørke fargar som ved første augekast ser nesten svarte ut, men har ein kulørtone i seg. Mørke blåtonar, lilla tonar, grøntonar osv. For eksempel frå Jotun sitt fargekart finn ein mørke fargar som 3323 Tanke, 5180 Oslo, 4623 Mørk Indigo, 10249 Sober og 4143 Hule som sikkert hadde blitt ganske kule på peisen min. Men eg trur eg gjenge for ein heilt svart, S8500-N. Husk å velge ein matt overflate når du skal male så mørke veggar.

Då stakk eg for å kjøpe måling. God helg! : )











Ingen kommentarer: