6. februar 2015

GULT ER KULT

Det er veldig fint med vinter, men enda finare med vår! I går såg eg dei første spora etter påskemarsipan i butikken, som blei det første vårteiknet hittil i sesongen for min del. Der fins så klart mykje finare vårteikn, som for eksempel krokkusar som stikk fram frå snøen. Det fekk meg til å tenke på bruk av fargen gul i interiør, og eg fekk lyst å lage ei ønskeliste for fine gule ting som eg ynskjer meg no framover.
For mykje gult kan fort bli litt voldsomt (Sa ho som malte heile rommet sitt gult i en alder av 15, men det gjekk bra med meg likevel altså). Men et par fargeklattar med gult her og der  kan fungere bra i dei fleste miljø. Gul kan først og fremst minne oss om solskin og gi oss positive vibbar. Men i naturen er også gul brukt som ein farge som varslar om fare, ein signalfarge, og for mykje gult kan i verste fall virke stressande. Auget vår søker ofte mot gule ting.  (Men her vil det vere stor forskjell når det kjem til nyanser av fargen, og stor forskjell på korleis ein individuelt reagerer på fargar.)

Fine kombinasjonsfargar er pudderrosa, grå og grøn i forskjellige nyansar. Eg synast også at grøne plantar ser ekstra grøne ut saman med riktig gulfarge.
Sei det berre, gult er kult : )





Ingen kommentarer: