17. februar 2015

SUNSHINE

Det haglar og sluddar sidelengs i dag, og kontorvinduet er fullstendig dekt av slaps. Fjellet Sukkertoppen som eg brukar å kike ut på er heilt vekke i det gråe kaoset. 
På søndag, eller sundag som ein også kan seie på nynorsk, så var det fyrste gong i år at sola verkeleg varma, og det var heilt fantastisk å gå i skogen. Eg likar vinteren, men ikkje når vi får klassisk vestlandsvinter med sludd, is og snø om kvarandre.

Men enn så lenge, gjeng det an å finne litt solskin i interiøret. Eg ynskjer meg blant anna Sunflower clock som er designa av min absolutt favorittdesigner George Nelson i 1958. No vert den produsert hos Vitra. Han har også laga andre fine, solstråleliknande klokker, som for eksempel Sunburst clock (1955) som Vitra begynte å produsere på nytt i 1999. Der fins også mange fine DIYs på solstrålespeglar på Pinterest som kan vere verdt å kike på. Kanskje det er på tide å finne fram limpistolen igjen. Link HER





Ingen kommentarer: