26. februar 2015

WHAT WOULD MCGYVER DO?


Eg er ein av dei som har vekst opp med McGyver på TVn. I byrjinga då serien rulla på skjermen, gjekk den på laurdagskvelden, og heimelaga pizza og McGyver (eller Møkka-Iver som far min døypte han, ikkje for å mobbe men berre for å vere morosam sjølvsagt) var liksom ein tradisjon i eit par år. Tenk å kome seg ut av alle kniper med litt gaffatape og ein swiss armyknife.. ?Nei, den mannen der altså! 

Så i går spurte eg meg den berømte frasa, ”What would McGyver do?” då eg sto der og lurte på korleis eg skulle få hjorteskallen sambuaren min har tatt med seg heim opp på veggen. Eg vart vel kanskje litt uvel då eg sto og stirra inni baksida av kraniet og såg spora etter der hjerna hadde vore (nei, eg er ikkje noko biologmateriale) og tenkte at om eg berre hadde hatt ein pitteliten borr kunne eg bora inni beinet og satt inn to skruar og festa ein stålvaier i disse.  Men utålmodig som eg er, så måtte jo dette ordnast NUH! Eg hadde ikkje tid til å kjøpe noko borr. Så eg tok den lette utvegen, slik som McGyver sikkert ville ha gjort det, om han måtte henge opp ein hjorteskalle for å kome seg ut av ei knipe. Men i staden for gaffatape så klæsja eg på litt monteringslim rundt en stålbit eg klipte av frå ein gamal lampeskjerm. Håper det held i lengda : )







Ingen kommentarer: