17. mars 2015

BRICKWALL

Eg elskar mursteinsveggar. Gjerne gamle, ujamne og litt flekkete veggar. Lykka hadde jo vore å budd i eit gamalt fabrikklokale med store vindauger og eksponerte mur- og betongveggar. Det gjer eg altså ikkje.. Men eg bur faktisk i ein gammal bygård bygd av nettopp mur, så draumen om å kanskje kunne finne ein slik skatt inn i ein av veggane her er ikkje heilt uoppnåelig. Eg har sidan dag ein etter vi flytta inn, hatt lyst å pusse opp soverommet. Det syns eg er kjempestusselig. Ujevnt sparkla veggar, trang planløysing, trist laminat på golvet, og kanskje den verste fargen eg veit om på veggane.. Caffelatte-bæsje-beige-æsj! USj.
Så no leikar eg litt med tanken på å kanskje begynne å pusse opp soverommet.. ? Og kanskje gå så langt at ein fjernar alt av kledning på endeveggen for å sjå kva som ligg bak? Ein veit jo aldri heilt kva ein finn når ein begir seg ut på slike ting. Og om veggen bak i det heile tatt er fin og heil nok til å ha framme. Men er jo lov å drøyme seg litt vekk i allefall. : ) 








Ingen kommentarer: