Dette er absolutt ingen revolusjonerande DIY, dei
fleste har vel sett mange eksempel av dei søte blondelampene på nettet, slik
som for eksempel HER .
Men det er ei artig og enkel lampe å lage på ein
søndagsettermiddag. Det som er tidkrevjande er å samle opp nok blondedukar.
Eg fant heilt runde ballongar på Europris. Dei
skulle kunne blåsast opp til 50 cm i diameter. Så heng du opp lampen der den
ikkje kan komme bort i noko (det vert veldig grisete med tapetlim) Eg klarte så
klart å rive ned opphenget midt oppi ei litt hardhendt plassering av ein
blondeduk, og heile ballongen spratt bortover kjøkkenet og ut på stua. Det
resulterte i tapetlim over heile golvet, og at eg måtte starte heile prosessen
på nytt. Men det er sånn som skjer. Det er også viktig å ikkje vere like
utålmodig som meg, og sprekke ballongen før limen er heilt tørr. Lampa
imploderte nemleg. Men eg klarte å blåse opp ein ny inne i blondene, og lot den
tørke et døgn til. Så var det berre å henge den opp med ferdigkjøpt lampe og ledning. Dei i tekstil frå Clahs Olsson er ganske fine. Lykke te! : )
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar