12. mars 2015

FRAMANDE FORMER

I eit tidlegare innlegg skreiv eg litt om fargeinspirasjon frå stjernetåker i verdsrommet. Det fekk meg til å tenke litt på møblar som er brukt i Sci-Fi filmar. Og ja, eg er nok ein sci-fi nerd. Då eg var yngre var eg fullstendig Star Wars frelst, og eg hugsar framleis den dagen det sju år gamle hjartet mitt brast då eg fant ut at R2-D2 ikkje var ein robot i det heile tatt, men at det var ein liten mann inne i ei robotdrakt som gav liv til favoritten min.

Ein gong såg eg den norske Garden stolen av Peter Opsvik i ein Star Trek episode. Då humra eg litt for meg sjølv, men kan veldig godt forstå valet av dette møblet. Det er jo ein smule futuristisk, og har eit litt framandt formspråk over seg. Eg var ein stor fan av dette møblet i yngre alder, då ein ofte fant det ståande i offentlige areal, som for eksempel bankar. Stolen Ekstrem av Terje Ekstrøm har også det litt leikne og futuristiske formspråket over seg, og han brukte ein ny måte å trekke tekstilen over skummet på. Begge disse stolane er frå åttitalet, og viser ein leiken og artig epoke der ein stol ikkje nødvendigvis alltid såg ut som ein stol. Det handla om å utforske nye uttrykk og produksjonsmetodar, både for designarane og møbelfabrikkane.

Men går vi nokre tiåar lenger tilbake kan vi sjå dei første ”Spaceage” møblane. Plast var eit nytt materiale i sekstiåra, og designarane kunne no skape formar som dei aldri kunne drøymt om å få til i tre og stål. Her synast eg fins mykje artige formar. Eg er ein stor fan av både femtitals og sekstitals design. Danske Verner Panton og finske Eero Aarnio er to store nordiske designarar verdt å nemne når det kjem til bruk av plast. Dei verkeleg boltra seg i plastikkfantastikk sjangaren. I Noreg var vi sjølvsagt også tidleg ute med dette nye materialet, og til dømes Popcorn stolen av Sven Ivar Dyhste såg dagens lys i 1968. 
Verner Panton teikna også komplette interiør der han laga alt frå tekstil til stolar, og mange av desse romma er ofte brukt som typiske eksempel av seksti- og syttalsinteriør, spesielt i det offentlege. Eg synast dei er så utruleg flotte! 






Ingen kommentarer: