20. mars 2015

FREDAG!

Eg hadde ca ein halv liter maling igjen etter at eg hadde mala skapet ute i gangen, og begynte å sjå meg om etter fleire ting eg kunne male i samme farge. Eg kom på eg har ei hylle liggande som ville passa heilt perfekt over skapet, og bestemte meg for å male denne. Hylla hadde eg funne i garasjeloftet heime hos mor mi for nokon månadar sidan, og tok den da med til Ålesund  og la den på loftet her. Men på ein eller annan måte har hylla berre forsvunne. Den er faktisk heilt vekke, og eg anar ikkje kvar den har blitt av. Eg endte opp med å male eit gamalt speil i stadet som passa ganske bra, men har ikkje heilt gitt opp å finne igjen hylla. Mystisk.

Eg mistar ting no og da, spesielt sokkar. Eg kan ikkje tru anna enn at det er eit lite overnaturlig fenomen som står bak. Eg har faktisk no gått så  langt å investere i kun svarte strømper, men dei forsvinn likevel. Ein etter ein. Eg skyldar på sokkemonstera. Snart helg! : )





Ingen kommentarer: