19. mars 2015

FYR I PEISEN

Eg trudde våren hadde kome på rett, men ein må ikkje la seg lure her på Sunnmøre av eit par dagar med sol. Så i går måtte eg fyre i peisen att, eg er framleis veldig fornøgd med svart peis. Ikkje berre på grunn av at det er meir praktisk med tanke på sot, men fordi flammane vert enda meir synlege med alt det mørke som rammar dei inn.

No driv eg å planlegg å kanskje male veggen bak TV-en svart eller mørkegrå. Det vil jo gjere at TV-en vert mindre synleg når den er avskrudd. No er veggen kvit, og TV-en er ganske synleg. Eg er ikkje fan av TV som eit møbel, men eg trur ikkje eg ville ha budd heilt utan ein heller. Dessverre er ikkje han andre som bur her heilt einig i at veggen bør vere svart, men eg driv aktiv lobbyvirksomhet rundt temaet. Ein annan måte å få TV-en mindre framtredande på, er å henge opp bileter rundt TV-en, slik at den vert ein del av ein større komposisjon og at ikkje auga søker automatisk kun til TV-en. Men det fungerer nok best på litt mindre TV-ar enn den vi har.





Ingen kommentarer: