25. mars 2015

MARIMEKKO

Eg er veldig glad i nordisk design, og syns Marimekko har mykje fint. Eg har nok til tider gått meg litt lei av valmueprintet deira ”Unikko”, som kanskje er det mest kjende, men får lyst å til å smile når eg ser dei fleste andre produkta deira. Og det som er litt ekstra fint med dette merket, er at dei alltid har brukt mange kvinnelige designarar.
 
Historia starta då ekteparet Wilmo og Armi Ratia kjøpte ein tekstilfabrikk i 1949 som heitte Printex. Dei var tidlig ute med å levere fargesterke interiørprint i ei tid der folk kanskje hungra litt etter å ha muntre fargar og mønster i husa sine. I 1951 starta dei med kvinnemote, og haldt eit moteshow i Helsinki, der dei viste korleis mønstra kunne kombinerast. Dagen etter moteshowet, vart selskapet Marimekko stifta. Ritta Immonnen var kvinna bak den første Marimekko kolleksjonen. I 1953 kom Vuokko Eskolin-Nurmesniemi til Marimekko. Ho er tekstildesignar og moteskapar og lanserte eit nytt, arkitektonisk snitt i kleda som var frigjerande for den nordiske kvinna. I 960 gjekk Ritta og Vuokko kvar sine vegar, to så sterke kvinner under same tak var visst ikkje berre enkelt. 
Men Marimekko som selskap fortsett å vekse og utvikle seg framover på syttitalet. I 1979 døyr desverre Armi Ratia, som på mange måtar var hjartet i Marimekko, og selskapet stend litt stille. Ektemannen Wilmo sel seg ut av Marimekko til det finske selskapet Amer i 1985. Dette er begynnelsen på ei nedgangstid som varar til 1991. Då er det på nytt ei sterk kvinne som står bak roret, nemleg Kirsti Paakanen. Frå no av går det berre ein veg for Marimekko, og det er framover. Ho utviklar Marimekko til det store merket vi kjenner det som i dag. På begynnelsen av 2000 talet kjem det fleire unge designarar ombord, og det vert utvikla både porselen, glass, veskeseriar og bestikk. Eg synes spesielt at porselenet deira er heilt eksepsjonelt vakkert. Så er det berre å sjå kva spanande som kjem frå Finland med Marimekkonamnet på seg framover.  

Om du, som meg, er glad i ein spanande fargebruk kombinert med ein svart, grafisk strek, og eit klassisk nordisk formspråk bør du sjekke ut heimesida deira  HER











Ingen kommentarer: