15. mars 2015

NIB UTFORDRING

Mi første NIB utfordring er unnagjort, eg har vore framme med malarkosten i helga. Du kan lese om utfordringa HER 


Ute i gangen er der marokkanske fliser frå Historiske fliser, av typen Italiensk #20. Disse har ein blågrønn tone i mønsteret, og eg ønska å male nokon av veggane i gangen i en fargetone som matcha desse. Til vanlig er eg ganske ivrig med å bla i NCS vifta, men eg syntes at Jotun sin Minty Breeze såg fin ut i ei Jotun brosjyre eg såg, at eg berre visste at eg måtte ha denne. 
Etter kontrastveggane blei malt, var eg på jakt etter ein lite skap som kunne stå innerst i kroken ved badedøra og stuedøra. Til slutt fant eg eit sekstitals skap med akkurat riktig bredde og utrulige fine bua dører. Eg syntes eigentlig det var ganske fint med sin originale trefarge, og det hadde eit fint mønster i dørene. Men eg klarte ikkje å bli heilt glad i det med brunfargen sin der det sto. Eg flytta det inn på stua der vi har meir dagslys, men då dukka det opp ganske mange hakk og riper i lakken. Så då bestemte eg meg for å male det slik det passa med fargane ute i gangen. Eg enda opp med Soft Mint frå Jotun Lady, og vart kjempe fornøgd med resultatet! Litt mindre fornøgd med at lampa i taket takka for seg akkurat når eg skulle knipse biletet.





3 kommentarer:

Taubanevegen sa...

Så flott bidrag. Lykke til! :) Soft mint og minty breeze = veldig fine farger!

Taubanevegen sa...

Så flott bidrag. Lykke til! :) Soft Mint og Minty Breeze = veldig fine farger!

Stine Tynes sa...

Takk for det :) Enig i at det er ein veldig fin fargekombo.