6. mars 2015

SPACE

På mandagskvelden var eg ute å gjekk i mørket på Aksla som er byfjellet her i Ålesund. Det var faktisk så klart at stjernene var framme, og ein kunne sjå både Venus og Merkur på himmelen. Da eg var lita elska eg astronomi og ei av dei bøkene eg bladde oftast i var eit astronomileksikon med dansk tekst. Eg syntes bileta var heilt magiske. Ein kan finne mykje inspirasjon i fine stjernetåker.  Verdsrommet er jo ikkje tomt og svart, men fullt av spanande objekt og fine fargar. Naturen er kjempefin å bruke til inspirasjon i fargekollasjar. Naturen tek aldri feil! Her har brukt fire forskjellige stjernetåker (nebula på engelsk) og sutte saman fire kombinasjonar som eg trur kunne vore spanande i forskjellige miljø.

Eg fant også ein del spanande DIY prosjekt på Pinterest som var direkte inspirert av verdsrommet. Eg må sei eg elskar ideen med ein stor måne i gullmaling på veggen. (Eller kanskje ein i grått og sølv på soverommet?) Godt mulig det vert eit nytt lite prosjekt snart. Link til DIY prosjekta HER

: )







Ingen kommentarer: