11. mars 2015

TRAPPESTOLEN


Det er ikkje ofte ein finn fleirbruksmøbel som faktisk fungerer så optimalt som designaren kanskje tenkte då dei designa, ofte er resultatet at det nesten blir halvegs når ein kombinerer to funskjoner i eit møbel.  Ein sovesofa vert for eksempel ei litt dårlig seng og ein litt dårlig sofa. Men slike møbel er så klart lure om ein har minimalt med plass, og mange fungerer så klart bra. Eit fleirbruksmøbel som eg er veldig fan av, er retrostolen min med trapp skjult under setet. Ein såkalla husmorstol. Eg er nok inga husmor, men sidan eg ikkje er av dei høgaste på sokkelesten kan eg faktisk komme meg oppi dei øvste kjøkkenskapa med denne.











Ingen kommentarer: