9. april 2015

LOPPISPOPPIS


Eg er som sagt ein stor fan av bruktbutikkar og loppemarknader. Der fins så mange fine møblar og ting der ute som er for bra til å berre skulle kastast. Og om ein har ei fin blanding av nytt og gamalt kan ein verkeleg få mykje personlighet inn i ein heim. Ein av mine favorittar er ei gammal to-arma lampe eg fann på ein bruktbutikk i Trondheim for nokre år sidan. Då eg fant den, hadde eg leita ganske lenge etter ei slik lampe, og satte i eit lite gledeshyl då eg såg ho. Eg bar den også med meg rundt i heile butikken i steden for å la den stå ved kassa, berre for å vere heilt sikker på at ingen andre skulle få kjøpe den. Eg er også ganske fornøgd med Blinken stolen min frå Hjellegjerde som eg plukka opp for ein femtilapp. Den treng nok å trekkast om snart, men funkar fint med ein liten saudefell over seg. Stuebordet mitt, som sikkert har fylt over 100 år,  har eg funne i garasja heime. Det var noko mor mi kjøpte ein plass på Østlandet for mange år sidan. Det var eigentleg eit spisebord, men eg trengte eit stuebord, så da saga eg av beina litt. Snart er det loppemarkedsesong, og alle hjarte gleder seg. ; )  






Ingen kommentarer: