10. juli 2015

GRØNE FINGRAR (?)

Eg likar godt den nye trenden med synlige røter i store glasvasar. Eg har til no kun testa ut dette med avokadostein i ein liten glasvase. Men etter et lite søk på pinterest ser eg moglegheitene er mange. Kanskje det hadde vore kult å planta sitt eige fikentre? Eventuelt så kan ein ta snarvegen å kjøpe eit å putte det i ein vase med vatn etterpå.

Å dyrke fram eit avokadotre er ganske enkelt. Du tek ein stein frå ein avokado, så skyller du den godt i vatn for å få vekk fruktkjøttet. La den tørke i eit døgn. Stikk små cocktailspyd i den, eller knekk av tuppane på eit grillspyd, og la steinen henge på kanten av eit glas. Botn skal vere i vatn, og den spisse enden skal stikke opp. Bytt vatn ca to gongar i veka. Ha tålmodigheit. Dette gjeng ikkje fort. Etter ein til to månadar vil steinen opne seg og røter vil komme ut i botn. Etter enda nokre veker kjem det ein spire som har grøne blad. Kva som skjer når treet blir stort nok til å ha i potte veit eg enda ikkje. Kan det komme avokadoar på treet til slutt?

Agurkplanta på det siste biletet, har eg fått adoptere frå ei venninne. Den stortrivdes svært lenge i kjøkkenvindauget. Bilete er frå ei veke sidan. No har den derimot produsert ein stor agurk, medan alle dei andre små potensielle agurkane har skrumpa inn, og blada har blitt gule. Den ser gaaaanske vissen ut. Eg trur ikkje eg har talent som agurkbonde.

No ber eg til vêrgudane om betre vêr. Eg vil sitte ute på terrassen, kike på stemorsblomstrane mine (som så og sei er den einaste blomen som stortrives i alt dette regnet) og sole meg. Sunnmørssumar med tolv grader, skodde, regnbyger og kuling er eg sånn passe lei av no.











Ingen kommentarer: