5. februar 2016

NY SKJENK



Då har eg endeleg fått ein skjenk ved TV-en som passar til rommet. Stua er ganske lang, og ikkje spesielt brei der vi har TV- og sofaen, og dette har gjort at denne kroken ikkje vert skikkeleg utnytta. No har vi bytta ut den førre TV-benken med fleire skap på rekke og rad. Til saman er skjenken på 3 meter. Den er av typen Bestå frå IKEA, og har eit enkelt og stilreint uttrykk som passar fint inn her.
Eg valte også å kjøpe ei glasplate til toppen. Denne skapar ein liten kontrast, og passar også fint til varmeomnen (som er av kvitt glas, type ADAX). Det er veldig mogleg at det berre er eg som legg merke til denne detaljen, men litt nerd er det lov til å vere.
No er det fredag, eg har kjøpt påskeliljer og er klar for våren!