Påske er ikkje akkurat den høgtida eg pyntar så
mykje til. Men eg kjøper alltid påskeliljer som eg syntes er kjempefine.
Eigentleg finast før dei blomstrar. Og gule tulipanar minnar meg alltid om
våren, så det passar jo fint. Snart
ferie! : )
31. mars 2015
PÅSKEPYNT
30. mars 2015
DIY GRAFISK POSTER
Eg er jo veldig glad i stjernebileter og det som
føregår litt høgare enn vår eiga atmosfære. Så i helga bestemte eg meg for å
lage litt nye ting å henge på veggane med eit motiv frå stjernehimmelen. Førre
veke var det jo solformørkelse, så da passa det bra å bruke denne som
inspirasjon. Eg klipte ut sirklar frå farga papir, og frå eit akvarellpapir som
eg hadde måla på. Så plasserte eg alt utover ein bit tapet og lakka over og
under med tapetlim for feste. Eg laga to postera med enkle grafiske uttrykk
som passa fint saman med den mintgrøne luxolampa mi : )
TA-DA!
Etiketter:
DIY,
illustrasjon,
interiør,
kunst,
stue
25. mars 2015
MARIMEKKO
Eg er veldig glad i nordisk design, og syns
Marimekko har mykje fint. Eg har nok til tider gått meg litt lei av
valmueprintet deira ”Unikko”, som kanskje er det mest kjende, men får lyst å
til å smile når eg ser dei fleste andre produkta deira. Og det som er litt
ekstra fint med dette merket, er at dei alltid har brukt mange kvinnelige
designarar.
Historia starta då ekteparet Wilmo og Armi Ratia
kjøpte ein tekstilfabrikk i 1949 som heitte Printex. Dei var tidlig ute med å
levere fargesterke interiørprint i ei tid der folk kanskje hungra litt etter å
ha muntre fargar og mønster i husa sine. I 1951 starta dei med kvinnemote, og
haldt eit moteshow i Helsinki, der dei viste korleis mønstra kunne kombinerast.
Dagen etter moteshowet, vart selskapet Marimekko stifta. Ritta Immonnen var
kvinna bak den første Marimekko kolleksjonen. I 1953 kom Vuokko
Eskolin-Nurmesniemi til Marimekko. Ho er tekstildesignar og moteskapar og
lanserte eit nytt, arkitektonisk snitt i kleda som var frigjerande for den
nordiske kvinna. I 960 gjekk Ritta og Vuokko kvar sine vegar, to så sterke
kvinner under same tak var visst ikkje berre enkelt.
Men Marimekko som selskap fortsett å vekse og
utvikle seg framover på syttitalet. I 1979 døyr desverre Armi Ratia, som på
mange måtar var hjartet i Marimekko, og selskapet stend litt stille. Ektemannen
Wilmo sel seg ut av Marimekko til det finske selskapet Amer i 1985. Dette er
begynnelsen på ei nedgangstid som varar til 1991. Då er det på nytt ei sterk
kvinne som står bak roret, nemleg Kirsti Paakanen. Frå no av går det berre ein
veg for Marimekko, og det er framover. Ho utviklar Marimekko til det store
merket vi kjenner det som i dag. På begynnelsen av 2000 talet kjem det fleire
unge designarar ombord, og det vert utvikla både porselen, glass, veskeseriar
og bestikk. Eg synes spesielt at porselenet deira er heilt eksepsjonelt
vakkert. Så er det berre å sjå kva spanande som kjem frå Finland med Marimekkonamnet på seg framover.
Om du, som meg, er glad i ein spanande fargebruk kombinert med ein svart, grafisk strek, og eit klassisk nordisk formspråk bør du sjekke ut heimesida deira HER
24. mars 2015
ARTSY
Det finst så mange flinke folk her i verden! Synast
disse bileta av amerikanske Chad Wys er skikkelig kule. Han målar over gamle
klassiske bileter og transformerar gamle figurar, og gir dei eit heilt nytt liv og ei ny meining. Fargane og mønstra er sterke og fargerike, og som oftast i total stilkræsj med det originale kunstverket. Det skapar utrulig spanande kontrastar. ME WANT! : )
Du kan lese meir om kunstnaren og verka hans på heimesida hans HER
Photos borrowed from artists homepage: http://chadwys.com/index.html
23. mars 2015
LAMPE
Då eg skulle velge ut taklampe på kjøkkenet brukte
eg ganske lang tid. Eg såg etter ei lampe som skulle vere litt stor i
størrelsen og fungere som eit lite blikkfang. Men eg ville ikkje ha ei lampe
som hang ned grunna praktiske forhold (åpning av skapdører o.l) Eg var først
og fremst ute etter eit plafond. Eg ynskja også at den skulle stå litt i
kontrast til alle dei strenge linjene i kjøkkenet, og ha eit organisk formspråk.
Samtidig skulle den også passe fint til flisene. Eg ynskja ei kvit lampe slik den ville vere mindre synlig mot
taket når den var avskrudd, og den skulle vere fin både når den var neddimma og
i full belysning. Det er også kun under benkeskapa den andre lyskjelda på
kjøkkenet er, så lampa i taket måtte gi godt med allmennbelysning. I tillegg
hadde eg kanskje gått litt over budsjettet på resten av kjøkkenet, og var derfor
på jakt etter ei lampe som såg litt meir eksklusiv ut, enn kva prislappen
kanskje indikerte.
Eg endte til slutt opp med lampa ”Ingrid” frå ”Watt
og Veke” og var veldig spent på resultatet. På nett var der nemlig kun bilete
av lampa som var tatt rett under og opp, og ingen som viste korleis den ville
sjå ut oppmontert i eit rom.
Eg er i allefall storfornøgd med kråkebollen og
syntes den gir eit fint lys i rommet. : )
Abonner på:
Innlegg (Atom)