Eg
likar godt den nye trenden med synlige røter i store glasvasar. Eg har til no
kun testa ut dette med avokadostein i ein liten glasvase. Men etter et lite søk
på pinterest ser eg moglegheitene er mange. Kanskje det hadde vore kult å
planta sitt eige fikentre? Eventuelt så kan ein ta snarvegen å kjøpe eit å
putte det i ein vase med vatn etterpå.
Å
dyrke fram eit avokadotre er ganske enkelt. Du tek ein stein frå ein avokado, så
skyller du den godt i vatn for å få vekk fruktkjøttet. La den tørke i eit døgn.
Stikk små cocktailspyd i den, eller knekk av tuppane på eit grillspyd, og la
steinen henge på kanten av eit glas. Botn skal vere i vatn, og den spisse enden
skal stikke opp. Bytt vatn ca to gongar i veka. Ha tålmodigheit. Dette gjeng
ikkje fort. Etter ein til to månadar vil steinen opne seg og røter vil komme ut
i botn. Etter enda nokre veker kjem det ein spire som har grøne blad. Kva som
skjer når treet blir stort nok til å ha i potte veit eg enda ikkje. Kan det
komme avokadoar på treet til slutt?
Agurkplanta på det siste biletet, har eg fått adoptere frå ei venninne. Den stortrivdes svært lenge i
kjøkkenvindauget. Bilete er frå ei veke sidan. No har den derimot produsert ein
stor agurk, medan alle dei andre små potensielle agurkane har skrumpa inn, og blada
har blitt gule. Den ser gaaaanske vissen ut. Eg trur ikkje eg har talent som
agurkbonde.
No
ber eg til vêrgudane om betre vêr. Eg vil sitte ute på terrassen, kike på
stemorsblomstrane mine (som så og sei er den einaste blomen som stortrives i alt dette regnet) og sole meg. Sunnmørssumar med tolv grader, skodde,
regnbyger og kuling er eg sånn passe lei av no.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar