31. mars 2015

PÅSKEPYNT


Påske er ikkje akkurat den høgtida eg pyntar så mykje til. Men eg kjøper alltid påskeliljer som eg syntes er kjempefine. Eigentleg finast før dei blomstrar. Og gule tulipanar minnar meg alltid om våren, så det passar jo fint.  Snart ferie! : )







30. mars 2015

DIY GRAFISK POSTER

Eg er jo veldig glad i stjernebileter og det som føregår litt høgare enn vår eiga atmosfære. Så i helga bestemte eg meg for å lage litt nye ting å henge på veggane med eit motiv frå stjernehimmelen. Førre veke var det jo solformørkelse, så da passa det bra å bruke denne som inspirasjon. Eg klipte ut sirklar frå farga papir, og frå eit akvarellpapir som eg hadde måla på. Så plasserte eg alt utover ein bit tapet og lakka over og under med tapetlim for feste. Eg laga to postera med enkle grafiske uttrykk som passa fint saman med den mintgrøne luxolampa mi : )

TA-DA!








25. mars 2015

MARIMEKKO

Eg er veldig glad i nordisk design, og syns Marimekko har mykje fint. Eg har nok til tider gått meg litt lei av valmueprintet deira ”Unikko”, som kanskje er det mest kjende, men får lyst å til å smile når eg ser dei fleste andre produkta deira. Og det som er litt ekstra fint med dette merket, er at dei alltid har brukt mange kvinnelige designarar.
 
Historia starta då ekteparet Wilmo og Armi Ratia kjøpte ein tekstilfabrikk i 1949 som heitte Printex. Dei var tidlig ute med å levere fargesterke interiørprint i ei tid der folk kanskje hungra litt etter å ha muntre fargar og mønster i husa sine. I 1951 starta dei med kvinnemote, og haldt eit moteshow i Helsinki, der dei viste korleis mønstra kunne kombinerast. Dagen etter moteshowet, vart selskapet Marimekko stifta. Ritta Immonnen var kvinna bak den første Marimekko kolleksjonen. I 1953 kom Vuokko Eskolin-Nurmesniemi til Marimekko. Ho er tekstildesignar og moteskapar og lanserte eit nytt, arkitektonisk snitt i kleda som var frigjerande for den nordiske kvinna. I 960 gjekk Ritta og Vuokko kvar sine vegar, to så sterke kvinner under same tak var visst ikkje berre enkelt. 
Men Marimekko som selskap fortsett å vekse og utvikle seg framover på syttitalet. I 1979 døyr desverre Armi Ratia, som på mange måtar var hjartet i Marimekko, og selskapet stend litt stille. Ektemannen Wilmo sel seg ut av Marimekko til det finske selskapet Amer i 1985. Dette er begynnelsen på ei nedgangstid som varar til 1991. Då er det på nytt ei sterk kvinne som står bak roret, nemleg Kirsti Paakanen. Frå no av går det berre ein veg for Marimekko, og det er framover. Ho utviklar Marimekko til det store merket vi kjenner det som i dag. På begynnelsen av 2000 talet kjem det fleire unge designarar ombord, og det vert utvikla både porselen, glass, veskeseriar og bestikk. Eg synes spesielt at porselenet deira er heilt eksepsjonelt vakkert. Så er det berre å sjå kva spanande som kjem frå Finland med Marimekkonamnet på seg framover.  

Om du, som meg, er glad i ein spanande fargebruk kombinert med ein svart, grafisk strek, og eit klassisk nordisk formspråk bør du sjekke ut heimesida deira  HER











24. mars 2015

ARTSY


Det finst så mange flinke folk her i verden! Synast disse bileta av amerikanske Chad Wys er skikkelig kule. Han målar over gamle klassiske bileter og transformerar gamle figurar, og gir dei eit heilt nytt liv og ei ny meining. Fargane og mønstra er sterke og fargerike, og som oftast i total stilkræsj med det originale kunstverket. Det skapar utrulig spanande kontrastar. ME WANT! : ) 
Du kan lese meir om kunstnaren og verka hans på heimesida hans HER






Photos borrowed from artists homepage: http://chadwys.com/index.html

23. mars 2015

LAMPE

Då eg skulle velge ut taklampe på kjøkkenet brukte eg ganske lang tid. Eg såg etter ei lampe som skulle vere litt stor i størrelsen og fungere som eit lite blikkfang. Men eg ville ikkje ha ei lampe som hang ned grunna praktiske forhold (åpning av skapdører o.l) Eg var først og fremst ute etter eit plafond. Eg ynskja også at den skulle stå litt i kontrast til alle dei strenge linjene i kjøkkenet, og ha eit organisk formspråk. Samtidig skulle den også passe fint til flisene. Eg ynskja ei kvit lampe slik den ville vere mindre synlig mot taket når den var avskrudd, og den skulle vere fin både når den var neddimma og i full belysning. Det er også kun under benkeskapa den andre lyskjelda på kjøkkenet er, så lampa i taket måtte gi godt med allmennbelysning. I tillegg hadde eg kanskje gått litt over budsjettet på resten av kjøkkenet, og var derfor på jakt etter ei lampe som såg litt meir eksklusiv ut, enn kva prislappen kanskje indikerte.

Eg endte til slutt opp med lampa ”Ingrid” frå ”Watt og Veke” og var veldig spent på resultatet. På nett var der nemlig kun bilete av lampa som var tatt rett under og opp, og ingen som viste korleis den ville sjå ut oppmontert i eit rom. 
Eg er i allefall storfornøgd med kråkebollen og syntes den gir eit fint lys i rommet. : )