9. februar 2015

SHADES OF G R E E N

Då eg var lita samla eg på mykje rart. Dei største og finaste samlingane (etter min målestokk iallfall) var samlinga av serviettar, viskeler og såpestykke. Eg samla også på sjølvhuggen stein (ikkje dei mest kostbare artane) knappar, glansbilde og klinkekuler. Alle eg kjente samla på ting, og vi brukte lang tid på å gå igjennom det vi hadde, og bytte til oss noko vi mangla. Det er godt mulig det ligg igjen i oss frå då vi budde i huler og måtte ut å sanke og samle det vi trengte for å overleve som triggar dette behovet for å samle og sortere.
Då eg vart eldre gjekk det over til å bli møblar, koppar, vasar, figurar, tekanner og lampar eg kika etter når eg var ute på tokt. Eg har alltid elska loppemarked og bruktbutikkar, og ein og anna gong kjem ein over eit riktig bra kupp. Det meste eg eig av møblar og glas/porselen har eg funne på skattejakt. Somme jaktar hjortar, medan eg jaktar Figgjo porselen og Ittala lysestakar. Det som er viktig når ein sett i gang med ei samling er å ikkje ta heilt av. Ein vil vel hest ikkje hamne som eit innslag på Norge Rundt som ”Dama som hadde tusen porselensugler og ikkje plass til noko anna.” Det er lurt å ikkje la samlingane bli rotete, men ha eit system (i galskapen). Eg er også glad i samlingar som faktisk kan brukast til noko, som for eksempel skåler, porselen og vaser. 


I helga fant plutselig (nesten) alle dei grøne tinga mine i glas kvarandre på den lille retrokommoden min. Litt før jul, kjøpte eg meg eit bilde av Laura O´Connor frå Soceity6 som vart ekstra kult saman med andre grøne ting. Og det som er så fint med samlingar, er at om ein blir lei, er det berre å flytte rundt å lage nye stilleben som kan forandre eit heilt rom på ein augeblink.