10. april 2015

HELG!


Det er vel kanskje litt ironisk at ein pollenallergikar skal elske våren så mykje som eg faktisk gjer, men sånn er det berre. Eg likar at det vert lysare og lysare ute, at ein kan finne fram converseskoa og gøyme vinterbootsa vekk til neste år. At ein kan begynne å spekulere i kva uteplantar ein skal prøve å halde liv i på terrassen i år, og ikkje minst, kva ein skal grille til middag? Det er også heilt fantastisk at sola varmar, og at himmelen blir skikkelig blå og ikkje berre turkis. Eg er også fan av at ein kan finne så mange fine blomstrar ute igjen, og nei, det er ikkje så lurt av ein pollenallergikarar å ta dei med inn, men det gjer eg. Spesielt glad er eg i kirsebærgreiner, og eplegreiner. Eg har sutte å kika litt i nokre bilde eg tok i fjor av nettopp dette, og vert no nesten våryr! No er det sol ute, det er dagslys på stua, og det er fredag. Hurra! : ) 





9. april 2015

LOPPISPOPPIS


Eg er som sagt ein stor fan av bruktbutikkar og loppemarknader. Der fins så mange fine møblar og ting der ute som er for bra til å berre skulle kastast. Og om ein har ei fin blanding av nytt og gamalt kan ein verkeleg få mykje personlighet inn i ein heim. Ein av mine favorittar er ei gammal to-arma lampe eg fann på ein bruktbutikk i Trondheim for nokre år sidan. Då eg fant den, hadde eg leita ganske lenge etter ei slik lampe, og satte i eit lite gledeshyl då eg såg ho. Eg bar den også med meg rundt i heile butikken i steden for å la den stå ved kassa, berre for å vere heilt sikker på at ingen andre skulle få kjøpe den. Eg er også ganske fornøgd med Blinken stolen min frå Hjellegjerde som eg plukka opp for ein femtilapp. Den treng nok å trekkast om snart, men funkar fint med ein liten saudefell over seg. Stuebordet mitt, som sikkert har fylt over 100 år,  har eg funne i garasja heime. Det var noko mor mi kjøpte ein plass på Østlandet for mange år sidan. Det var eigentleg eit spisebord, men eg trengte eit stuebord, så da saga eg av beina litt. Snart er det loppemarkedsesong, og alle hjarte gleder seg. ; )  






8. april 2015

TA-DA


I går laga eg eit innlegg om det nye bilete på stua. Eg tenkte å kjapt beskrive korleis det vart laga. Det er ganske terapautisk å rote litt med maling og fargar. (Og å få eit fint resultat er mykje enklare enn kva folk ofte trur) Køyr på! 





TA-DA!!

7. april 2015

PÅSKESYSSEL

I løpet av påskeferien såg eg meg plutselig lei av det som hang over skjenken i stua. Mange av tinga flytta litt etter litt ut i gangen, og eg sto att med nesten ein tom vegg. (hjorten må henge til eg får funne fram sparkelet. Spikaren eg brukte vil vel lage eit stort hol om eg trekk han ut)
Eg tenkte å få eit litt enklare uttrykk, og kun eit stort bilete på denne veggen. Eg har ein del malingsrestar ståande, så eg brukte nokon av desse til å måle over eit gammalt IKEA bilete. Veggen bak bilete er måla med Jotun si måling i koden Minty Breeze. Så malingsrestar i denne ville gi eit bilete som perfekt matcha veggen. Moro å rote litt med måling i ferien! Kvistane er frå kirsebærtreet heimafrå, om dei vil blomstre veit eg ikkje enda, men eg håpar no
: )