26. juli 2015

SØNDAG OG SOL!

Endeleg kom det litt etterlengta sol til Sunnmøre! Vi snakkar ikkje Syden-temperatur sånn som i fjor, men i alle fall kan vi sjå sola og føle litt strålevarme frå himmelen i staden for all den tunge grå skodda! Eg veit det høyres patriotisk ut, men eg seier det likevel: Sunnmøre må vere den finaste plassen i verda når sola skin! Eg var ein liten tur på Vassetra og såg solnedgangen på torsdag og da ante eg at det kanskje kom litt finever snart, og jammen meg, to heile dagar med OK++ sumarvêr! Kjære vêrgudar, la det fortsette litt til..


Eg har også oppdatert webshoppen min litt. Og flinke Julie Hole som verkeleg har auge for detaljar, har skrevet om eine printet mitt i bloggen sin! (Jippi) Eg anbefaler alle å ta ein tur innom, ho har det så himla fint jo! Link finn du HER.






14. juli 2015

MEIR GRØNT!

Er i det grøne hjørnet, og prøvar å finne riktige fargenyansar til den nyaste plakaten min. Den treng liiiitt meir redigering før eg kan seie finito..

10. juli 2015

GRØNE FINGRAR (?)

Eg likar godt den nye trenden med synlige røter i store glasvasar. Eg har til no kun testa ut dette med avokadostein i ein liten glasvase. Men etter et lite søk på pinterest ser eg moglegheitene er mange. Kanskje det hadde vore kult å planta sitt eige fikentre? Eventuelt så kan ein ta snarvegen å kjøpe eit å putte det i ein vase med vatn etterpå.

Å dyrke fram eit avokadotre er ganske enkelt. Du tek ein stein frå ein avokado, så skyller du den godt i vatn for å få vekk fruktkjøttet. La den tørke i eit døgn. Stikk små cocktailspyd i den, eller knekk av tuppane på eit grillspyd, og la steinen henge på kanten av eit glas. Botn skal vere i vatn, og den spisse enden skal stikke opp. Bytt vatn ca to gongar i veka. Ha tålmodigheit. Dette gjeng ikkje fort. Etter ein til to månadar vil steinen opne seg og røter vil komme ut i botn. Etter enda nokre veker kjem det ein spire som har grøne blad. Kva som skjer når treet blir stort nok til å ha i potte veit eg enda ikkje. Kan det komme avokadoar på treet til slutt?

Agurkplanta på det siste biletet, har eg fått adoptere frå ei venninne. Den stortrivdes svært lenge i kjøkkenvindauget. Bilete er frå ei veke sidan. No har den derimot produsert ein stor agurk, medan alle dei andre små potensielle agurkane har skrumpa inn, og blada har blitt gule. Den ser gaaaanske vissen ut. Eg trur ikkje eg har talent som agurkbonde.

No ber eg til vêrgudane om betre vêr. Eg vil sitte ute på terrassen, kike på stemorsblomstrane mine (som så og sei er den einaste blomen som stortrives i alt dette regnet) og sole meg. Sunnmørssumar med tolv grader, skodde, regnbyger og kuling er eg sånn passe lei av no.











2. juli 2015

BLOMSTERFIN(N)


Noko som er flott med sommaren er at der plutselig fins så mange fine blomstar der ute ein kan plukke, gratis er dei også! Som nemnt før, er det ikkje smart av ein pollenallergiker å drage med seg slikt innomhus, men det får berre ver. No er sommaren her, og alle hjarter frydar seg. Hurra!
Fredag 26 juni vart eg også tante til ein liten gut, så no vurderer eg å lage fødselsplakatar av nokre av plakatane i webshoppen. Testar fontar og fargar. 








1. juli 2015

MEIR SVART!


Eg har blitt ein skikkelig fan av matt maling for tida. Og når det innimellom alt regnet dukkar opp ein dag med opplett, bør ein berre gripe sjansen. Eg mala dei gamle blå (åjadda, nittalet) kjøkkenstolane heimanfrå svarte med resten av malinga eg brukte på barskapet. No har eg fire ”nye” stolar rundt spisebordet på stua.