Då eg var lita samla eg på mykje rart. Dei største
og finaste samlingane (etter min målestokk iallfall) var samlinga av
serviettar, viskeler og såpestykke. Eg samla også på sjølvhuggen stein (ikkje
dei mest kostbare artane) knappar, glansbilde og klinkekuler. Alle eg kjente
samla på ting, og vi brukte lang tid på å gå igjennom det vi hadde, og bytte
til oss noko vi mangla. Det er godt mulig det ligg igjen i oss frå då vi budde
i huler og måtte ut å sanke og samle det vi trengte for å overleve som triggar
dette behovet for å samle og sortere.
Då eg vart eldre gjekk det over til å bli møblar,
koppar, vasar, figurar, tekanner og lampar eg kika etter når eg var ute på
tokt. Eg har alltid elska loppemarked og bruktbutikkar, og ein og anna gong
kjem ein over eit riktig bra kupp. Det meste eg eig av møblar og glas/porselen
har eg funne på skattejakt. Somme jaktar hjortar, medan eg jaktar Figgjo
porselen og Ittala lysestakar. Det som er viktig når ein sett i gang med ei
samling er å ikkje ta heilt av. Ein vil vel hest ikkje hamne som eit innslag på
Norge Rundt som ”Dama som hadde tusen porselensugler og ikkje plass til noko
anna.” Det er lurt å ikkje la samlingane bli rotete, men ha eit system (i galskapen). Eg er også glad i samlingar som faktisk kan brukast til noko, som for eksempel skåler, porselen og vaser.
I helga fant plutselig (nesten) alle dei grøne
tinga mine i glas kvarandre på den lille retrokommoden min. Litt før jul,
kjøpte eg meg eit bilde av Laura O´Connor frå Soceity6 som vart ekstra kult
saman med andre grøne ting. Og det som er så fint med samlingar, er at om ein
blir lei, er det berre å flytte rundt å lage nye stilleben som kan forandre eit
heilt rom på ein augeblink.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar