Eg er ein av dei som har vekst opp med McGyver på TVn. I byrjinga då serien rulla på skjermen, gjekk den på
laurdagskvelden, og heimelaga pizza og McGyver (eller Møkka-Iver som far min
døypte han, ikkje for å mobbe men berre for å vere morosam sjølvsagt) var
liksom ein tradisjon i eit par år. Tenk å kome seg ut av alle kniper med litt
gaffatape og ein swiss armyknife.. ?Nei, den mannen der altså!
Så i går spurte
eg meg den berømte frasa, ”What would McGyver do?” då eg sto der og lurte på
korleis eg skulle få hjorteskallen sambuaren min har tatt med seg heim opp på
veggen. Eg vart vel kanskje litt uvel då eg sto og stirra inni baksida av
kraniet og såg spora etter der hjerna hadde vore (nei, eg er ikkje noko
biologmateriale) og tenkte at om eg berre hadde hatt ein pitteliten borr kunne
eg bora inni beinet og satt inn to skruar og festa ein stålvaier i disse. Men utålmodig som eg er, så måtte jo dette
ordnast NUH! Eg hadde ikkje tid til å kjøpe noko borr. Så eg tok den lette
utvegen, slik som McGyver sikkert ville ha gjort det, om han måtte henge opp
ein hjorteskalle for å kome seg ut av ei knipe. Men i staden for gaffatape så
klæsja eg på litt monteringslim rundt en stålbit eg klipte av frå ein gamal
lampeskjerm. Håper det held i lengda : )