28. januar 2015

KJØKKENINSPIRASJON

Det aller vanskelegaste med å pusse opp kjøkkenet, var å bestemme seg for kva type ein skulle velje. Det var visst verre å velje til seg sjølv, enn å skulle velje for andre, og det er jo så mykje fint der ute. 
Det var viktig å få eit moderne og stilreint preg på kjøkkenet. Og ikkje minst, arealeffektivt og funksjonelt. 
Vi er veldig glad i å lage mat, så det var viktig at fleire kunne vere på kjøkkenet samtidig uten at det vart kaos. Eg tenkte mykje på historia til leiligheta, det er ei gammal jugendleilghet, og det ville vere fint å inkorporere litt av dette sjølv om eg ville ha det så moderne som mogleg. 

Eg endte opp med eit kvitt Mano kjøkken frå Kvik. Eg er veldig glad i benkedjupne på 80 cm! Benkeplater vart i kvit kompositt. Slik ville kjøkkenet stå i fin kontrast til den gamle kjøkkenbjelken. Eg valde Folded flis frå Mutina på veggen ved koketopp og vask. (Mi favorittflis) Eg lurte lenge på å gå for ei nesten svart flis på denne veggen, men eg vart såpass forelska i Folded at eg berre måtte ha den. (Den kjem kun i kremkvit farge) Heldigvis gjekk den overeins med ei heilt kvit benkeplate. Eg endte opp med ein liten benk foran vinduet. Bjelken gjekk nemlig såpass langt ned i hjørnet at all skapplass her gjekk vekk. Om ein valgte eit hjørneskap ville ein stele for mykje areal foran verandadøra, sida då ein burde gå forbi vindusbreidden. Ein benk gav oppbevaring under sitteplassen, og samtidig moglegheita til å kunne sitte å drikke kaffi og kike ut av vindauget som vender mot bakgården. 

Her er ein liten inspirasjonskollasje. (Bileta har eg henta frå Pinterest) 


Ingen kommentarer: