27. januar 2015

OPPUSSING AV KJØKKEN

I fjor vinter begynte planlegginga av nytt kjøkken. Plassen på kjøkkenet var dårleg utnytta, og rommet framsto som trangt og mørkt. Då vi var på visning i leiligheta, visste eg at noko av det første eg berre måtte pusse opp, var dette rommet. Eg såg ein stort potensial i arelaet. 
For meg var det viktig å få kjøkkenet integrert i stueløysinga, slik at rommet virka større, samtidig som det likevel vart fråskilt frå stua og vart si eiga sone. Det var også eit poeng å få maks arbeidsflater og mykje oppbevaring. Slik som kjøkkenet var, kunne ikkje to personar lage mat der inne samtidig. Bak øya mot veggen var det for trangt for ein person å stå og jobbe, sto ein person mot øya, og ein annan mot komfyren, ville en på eit eller anna tidspunkt støte på kvarandre i midtgangen.

Kjøkkenet var også meget klar for ei oppristing, då det var av ein forholdsvis billig type der dørene rett som det var valde å hoppe av hengslane. (Kjempekjekt tidleg på morgonen når ein er sånn passe våken; ei dør i trynet!) Rommet besto av mange komponentar som overhodet ikkje fungerte i lag. Val av belysning i taket gjorde meg ikkje akkurat så happy heller.. 


Her er nokon mobilbilder frå før vi begynte å rive. Trangt, mørkt og alltid rotete..



Ingen kommentarer: